Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Vitamin D i selolje og andre omega-3 tilskot



Fråga: Ei kvinne som bør ta kalk/d-vitamin tilskot pga osteoporose, lurer på om ho kan ta både Calcigran forte (kalsium + vitamin D) 1 x 2 og selolje, evt. omega 3 fettsyre. Ho har prøvd å finne ut kor mykje D-vitamin det er i selolje og omega 3 fettsyre, utan at ho har fått godt nok svar frå apotek eller produsent. Kan RELIS svare på dette? Spørsmål frå lege.

Svar: Det fins mange ulike kosttilskot med omega-3 feittsyrer basert på selolje eller fiskeolje på den norske marknaden. D-vitamin blir tilbakeført til produktet etter ein renseprosess (1). RELIS har ikkje funne nokon generell oversikt over næringsinnhald eller innhald av vitamin D for selolje- eller omega-3 preparat, eller informasjon om det kan finnast preparat utan tilsett vitamin D.

Det er fastsatt i Kosttilskuddforskriften at grenseverdiane for innhald av vitamin D i kosttilskot er minimum 1 mikrogram og maksimum 10 mikrogram per døgndose. Ved mengder utover dette reknast preparatet som eit legemiddel. Ulike preparat kan difor innehalde ulike mengder vitamin D. Mengd vitamin D skal imidlertid vere oppgitt på den enkelte pakning, sidan det etter Kosttilskuddforskriften også er krav om deklarasjon av næringsinnhald på kosttilskot. Mengdeinnhaldet skal fastsetjast på grunnlag av produsenten sine analysar av produktet (1).

Store dosar vitamin D er toksisk og fører til hyperkalsemi, med risiko for nyrestein samt nefrokalsinose og nyresvikt, med store individuelle forskjellar i sensitivitet. Pasientar som behandlast med vitamin D må derfor kontrollerast hyppig med måling av serumkonsentrasjon av 25-hydroksyvitamin D og kalsium. Avstanden mellom anbefalt mengd og dose som kan føre til hyperkalsemi er relativt liten og ukritisk bruk av vitamin-D tilskudd frårådast (2).

Ulike kjelder opererer med øvre grense for trygt vitamin-D inntak frå 25 - 50 mikrogram/d (3,4). I Noreg gjeld den høgste anbefalte dosen eldre med med osteoporose eller risiko for det. Til denne gruppa anbefalast totalt dagleg inntak (tilskot + kost) på 20 mikrogram (5).

Calcigran Forte inneheld 10 mikrogram vitamin D3 per tyggetablett. Inntatt 2 gongar dagleg gjev det eit dagleg tilskot på 20 mikrogram. I preparatomtale for Calcigran Forte er det nevnt at administrering av ytterlegare dosar vitamin D skal følgast grundig opp av lege (6).

Konklusjon
Innhald av vitamin D i kosttilskot skal vere deklarert på det enkelte produkt og skal vere maksimalt 10 mikrogram per døgndose. Calcigran Forte dosert med 2 tablettar dagleg tilfører 20 mikrogram vitamin D. Øvre tilførselsgrense på 25 - 50 mikrogram D-vitamin per dag tilseier eit visst spelerom i forhold til D-vitamin frå tilleggskjelder. D-vitamin-status kan monitorerast ved hjelp av serumkonsentrasjonar.

Oppfølging
RELIS vart i ettertid gjort kjent med at enkelte apotek eller apotekkjedar har utarbeida lister over denne typen preparat og innhald av vitamin D, og at det skal finnast preparat utan tilsett D-vitamin. Spørsmålsstillar vart sidan opplyst om dette.

Referenser:
  1. Førsteinspektør. Seksjon for foredling og omsetning, Mattilsynet, pers.medd. 12.september 2007.
  2. Drevon C et al, redaktørar. Mat og medisin 2007; 5. utg.: 236.
  3. Natural Medicines Comprehensive Database. Vitamin D. http://www.naturaldatabase.com/ (12. september 2007).
  4. Mason, P. Dietary Supplements. Pharmaceutical Press. Electronic version (12. september 2007).
  5. Norsk legemiddelhåndbok for helsepersonell. http://www.legemiddelhandboka.no/ (12. september 2007).
  6. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Calcigran Forte. http://www.legemiddelverket.no/preparatomtaler (Sist endret: 13. desember 2006).