

Klaritromycin og glositt
Fråga: Glositt står nevnt som bivirkning til klaritromycin (Klacid). Gjelder dette kun for klaritromycin, eller gruppen av makrolider generelt? Spørsmål fra sykehuslege.
Svar: Glositt (inflammasjonstilstand i tunge kjenneteikna ved opphovning og intense smerter som kan refererast til øyreområdet) er ein kjent, men sjeldan biverknad av klaritromycin (1a-b, 2). For erytromycin, spiramycin eller azitromycin, som er dei andre makrolida registrert i Noreg, er ikkje biverknaden nemnt i preparatomtalane eller andre legemiddelmonografiar.
Glositt er ikkje rapportert som biverknad ved bruk av nokre av makrolida i Noreg (3). I WHO sin internasjonale biverknadsdatabase finst det imidlertid eit 200-tals rapportar om glositt i samband med bruk av klaritromycin, eit 40-tals rapportar for erytromycin og azitromycin, men ingen rapportar om glositt ved bruk av spiramycin (4). Tala i WHO sin biverknadsdatabase er absolutte tal, og seier ikkje noko om frekvensen av biverknaden i forhold til bruken av legemiddelet. Det er heller ikkje krav om dokumentasjon på sannsynleg årsakssamanheng mellom reaksjon og bruk av mistenkt legemiddel for dei innrapporterte meldingane.
Ved litteratursøk er det sparsamt med publikasjonar om glositt ved bruk av klaritromycin. Vi finn ein oversiktsartikkel som har teke føre seg orale biverknader av legemiddel, og denne listar opp ei lang rekke legemiddel som er kjent å kunne gje glositt. Klaritromycin er blant desse, men dei andre makrolida er ikkje nemnt. Fleire andre antibiotika er også oppført på denne lista, og inkluderer cefalosporiner, penicilliner, sulfonamider, tetracykliner, kloramfenikol, imipenem og metronidazol (5).
Konklusjon
Glositt er ein kjend, men sjeldan biverknad av klaritromycin. Biverknaden synast ikkje å vere relatert til dei andre makrolida, men ei rekke andre antibiotika er kjent å kunne gje glositt.
- Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) a: Klacid (Sist endra: 07.februar 2005), b: Clarithromycin Teva (Sist endra: 18. mai 2007).
- Klasco RK (Ed): Clarithromycin (Drug Evaluation). DRUGDEX® System (electronic version). Thomson MICROMEDEX, Greenwood Village, Colorado, USA. Available at: http://www.thomsonhc.com (24. september 2007).
- http://www.legemiddelverket.no/preparatomtaler.
- Statens legemiddelverk. Den norske bivirkningsdatabasen, søk 24. september 2007.
- Verdens Helseorganisasjon (WHO). Bivirkningsdatabase, søk 24. september 2007.
- Abdollahi M, Radfar M. A review of drug-induced oral reactions. J Contemp Dent Pract. 2003; 4 (1): 10-31.