

Rekvireringsregel for Mercilon
Fråga: Lege ved ungdomshelseteneste har nyleg motteke ei oversikt frå Statens legemiddelverk der det står at p-pillen Mercilon "skal kun gis til kvinner som får uakseptable bivirkninger av andre kombinasjons p-piller. Før helsesøster eller jordmor kan rekvirere Mercilon skal lege rådspørres. Dette skal dokumenteres i journalen." Ungdomshelsetenesta lurer på bakgrunnen for advarselen frå SLV. Dei har hatt Mercilon som førsteval til unge kvinner pga. låg pris.
Svar: rå 01.april 2007 fjerna legemiddelverket merknaden om at Mercilon kun skal gis til kvinner som får uakseptable biverknader og krav om dokumentering i journalen. Opprinneleg skuldast merknaden at legemiddelverket vurderte risikoen for blodpropp til å liggje i øvre del i sjiktet for tredjegenerasjons p-piller. Merknaden vart fjerna fordi legemiddelverket no anser dokumentasjonsgrunnlaget for dette som endra for Mercilon (1).
Regelen om at jordmødre og helsesøstre ikkje kan forskrive Mercilon gjeld framleis. I følge produsenten skuldast denne merknaden at Mercilon ikkje har vore marknadsført i 2 år (2).
Ei oppdatert oversikt er under utarbeiding (1).
Referenser:- Statens Legemiddelverk. Bidragsberettigede hormonelle prevensjonsmidler. 04.september 2006. http://www.legemiddelverket.no/templates/InterPage____32428.aspx.
- Seniorrådgiver. Statens Legemiddelverk. Pers.medd. 12.november 2007.
