

Mometasonfuroat og kryssreaksjonar
Fråga: Hvilke av de 4 kortikosteroidklassene (A-D) tilhører mometasonfuroat, og hvilke kryssreaksjoner foreligger? Spørsmål fra hudlege.
Svar: Mometasonfuroat er eit sterkt kortikosteroid tilhøyrande gruppe III (1). Ei anna klassifisering av steroid basert på kjemisk struktur heller enn potens, er også føreslått. Her tilhøyrer mometasonfuroat gruppe D1 (hydrokortisonbutyrat-gruppa), dvs langkjeda ester på C17 og/eller C21, metylgruppe i C16 og halogenering av B-ringen (2-3). Etter det vi kan sjå er ikkje denne klassifiseringa mykje brukt, men den er omtala i samband med topikale kortikosteroid og kryssensitivitet.
Kontakthypersensitivitet ovanfor kortikosteroid er rapportert å førekomme hos opp til 6 % av alle testa individ (2). Kryssreaksjonar førekjem ofte mellom kortikosteroid innan same gruppe, men ikkje alle kortikosteroid som kryssreagerar hos sensitive pasientar passar inn i desse gruppene. D1-klassifiserte kortikosteroid som mometasonfuroat er antatt å sjeldan bidra til hypersensitivitet. Halogenering av B-ringen samt metylering på C16 gjev substansen ei lågare evne til å binde arginin, og reduserer såleis ein viktig determinant i utviling av allergi. Berre 1 av 48 pasientar med tidligare kjent allergi mot kortikosteroid er rapportert å få positivt utslag på mometasonfuroat, og substansen er anbefalt brukt hos pasientar som responderar dårlig på andre kortikosteroid (2-3). Eín kasusrapport beskriv ein pasient med utstrakt kryssensitivitet. Pasienten hadde i utgangspunktet utvikla kontaktdermatitt etter bruk av fluocinonid (gruppe B), hydrokortisonvalerat (gruppe D) og hydrokortison (gruppe A). Lappetesting avdekka kryssensitivitet ovanfor ei rekke kortikosteroid i gruppe B, D1 (inkludert mometasonfuroat) og D2, samt desoksymetason i gruppe C. Forfattarane av kasusrapporten skriv at det også finst eit fåtals andre tilfelle av rapporterte kryssreaksjonar som involverer mometasonfuroat (2). Kryssreaksjonar med mometasonfuroat er ikkje omtala i norsk preparatomtale, andre legemiddelmonografiar eller oppslagsverk for biverknader.
Referenser:- Felleskatalogen, ATC-register. http://www.felleskatalogen.no/ (Sett: 28.01.2008).
- Donovan JC, Dekoven JG. Cross-reactions to desoximetasone and mometasone furoate in a patient with multiple topical corticosteroid allergies. Dermatitis. 2006; 17(3):147-51.
- Goossens A, Matura M et al. Reactions to corticosteroids: some new aspects regarding cross-sensitivity. Cutis 2000; 65(1): 43-5.
