Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Oppbevaring av fludrokortison tabletter



Fråga: Fludrokortison (Florinef) 0,1 mg tabletter skal nå oppbevares kjølig. Dette er en relativt ny endring - tidligere var betingelsene romtemperatur. Firma hevder at oppbevaring utover 1 uke i romtemperatur nødvendiggjør kassasjon. Kan dere se om det finnes data som støtter en slik konklusjon? Hva er "shelf life" for Florinef tabletter ved 20 grader? Spørsmål fra farmasøyt.

Svar: Nyleg oppdaterte norske, svenske, danske og britiske preparatomtalar oppgjev at fludrokortison tablettar (Florinef) skal oppbevarast i kjøleskap (1-4). Andre legemiddelmonografiar angir oppbevaring i romtemperatur, men opplyser om at fludrokortison må beskyttast mot lys og sterk varme (5-7). Alle preparatomtalane angir oppbevaring i tett lukka behaldar (1-4).

Produsenten opplyser om at oppbevaringsføresetnadane vart endra på bakgrunn av nye analysemetodar samt flytting av produksjonen til nye lokale. Resultata frå nye analysar tilsa at produktet ikkje var tilstrekkelig stabilt over tid ved romtemperatur, og at oppbevaring i kjøleskap bremsa nedbrytingsprosessen. Det er for øvrig grunn til å tru at dette også vil gjelde for Florinef-preparat produsert i dei tidlegare lokala. Nedbrytingsprosessen er langsam, og dersom praktiske forhold gjer det vanskeleg med kald oppbevaring, t.d. ved reiser, kan preparatet truleg oppbevarast eit par månader i romtemperatur utan at ein risikerer tap av terapeutisk effekt (8). Norsk representant for produsent opplyser imidlertid om 1 veke holdbarheit av fludrokortison tablettar ved oppbevaring i romtemperatur (9).

Vi kan i medisinske databasar verken finne publikasjonar som støttar opp under, eller avkreftar produsenten sin konklusjon om kjøleskapsoppbevaring av fludrokortison. Ei fransk gruppe har imidlertid sett på stabiliteten av fludrokortisonacetat-løysingar. Løysingane vart laga frå fludrokortisontablettar eller -pulver i 17 % etanol og med ein konsentrasjon på 40 µg/ml. Lagring ved 23 °C gav signifikant degradering av fludrokortison i løysingane basert på tablettar eller pulver (til under 90 % av opprinneleg mendge virkestoff) etter høvesvis 2 og 11 dagar. Oppbevaring ved 4 °C gav eit hylleliv på høvesvis 22 og 60 dagar (10). Resultata her kan ikkje overførast til tørre formuleringar, men gjev likevel ein indikasjon på kva rolle temperaturen har i degradering av fludrokortison.

Referenser:
  1. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Florinef. http://www.legemiddelverket.no/preparatomtaler (Sist endra: 12. januar 2007).
  2. Läkemedelsverket (Sverige). Preparatomtale (SPC) Florinef. http://www.lakemedelsverket.se (Sist endra: 03. mai 2007).
  3. Lægemiddelstyrelsen (Danmark). Produktresumé (SPC) Florinef. http://www.laegemiddelstyrelsen.dk (Sist endra: 30. januar 2008).
  4. Electronic Medicines Compendium (Storbritannia). Summary of Product Characteristics (SPC) Florinef. http://emc.medicines.org.uk/ (Sist endra: 20. april 2007).
  5. Sweetman S (Ed), Martindale: The complete drug reference. London: Pharmaceutical Press. Electronic version, (15. februar 2008).
  6. Klasco RK (Ed): Fludrocortisone (Drug Evaluation). DRUGDEX® System (electronic version). Thomson MICROMEDEX, Greenwood Village, Colorado, USA. Available at: http://www.thomsonhc.com (15. februar 2008).
  7. McEvoy GK, editor. The AHFS Drug Information 2006. Bethesda, MD: American Society of Health-System Pharmacists; 2006. Electronic version, (15. februar 2008).
  8. Medarbeider. Medisinsk avdeling, Bristol-Myers Squibb, Sverige. Pers. medd. 19. februar 2008.
  9. Sentralbordmedarbeider. Bristol-Myers Squibb, Norge. Pers. medd. 19. februar 2008.
  10. Cisternino S, Schlatter J. Stability of fludrocortisone acetate solutions prepared from tablets and powder. Eur J Pharm Biopharm. 2003; 55(2): 209-13.