Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Vektreduksjon av orlistat over lengre tid



Fråga: En kvinne har brukt Xenical (orlistat) i 2 år. Hun opplevde god effekt i starten, men etter ca 1,5 års bruk synes hun ikke preparatet har samme effekt som før. Er dette en utvikling som er kjent for orlistat? Kvinnen har diabetes, høyt blodtrykk, stoffskiftesykdom, og bruker insulin, levaxin og astmamedisiner. Spørsmål fra farmasøyt.

Svar: Orlistat reduserer absorpsjon av inntatt feitt ved å hemme gastrointestinale lipasar, fordi dette hindrar spalting av triglyserid til absorberbare frie feittsyrer og monoglyserid. Preparatomtale angir at pasienten samtidig med orlistatbehandling bør innta ein diett som er moderat kaloriredusert og at ca 30 % av kaloriane bør kome frå feitt (1).

Dei fleste randomiserte, blinda, kontrollerte studiane på orlistat sin effekt på vektreduksjon varte kun i eitt år. Fleire metaanalysar har blitt gjort på materialet. Sjølv om ein har observert vekttap både i placebogruppa og orlistatgruppa, har orlistatgruppa opplevd om lag 3 kg større vektreduksjon enn placebogruppa. Begge gruppene fekk samtidig kosthaldsintervensjon med ein lavkaloridiett (1-4).

Nokre av studiane ovanfor inkluderte i tillegg eit 2. år der ein såg på kor mykje pasientane gjekk opp att i vekt ved overgang til eit eukalorisk kosthald (kaloriinntak = kaloriforbruk), men framleis under orlistat- eller placebobehandling. Resultatet var at orlistatgruppa gjekk like mange kilo opp i vekt som placebogruppa, men differansen på 3 kg heldt seg stabil (2-4).

Det har også blitt gjennomført ein studie med behandlingsvarigheit på 4 år. Her vart over 3000 pasientar randomisert til orlistat eller placebo, med samtidig lavkaloridiett i heile perioden. Det første året gjekk både placebogruppa og orlistatgruppa ned i vekt, men orlistatgruppa 4,4 kg meir enn placebogruppa. Etter eitt år byrja vekta å gå opp igjen, trass i framleis lavkaloridiett. Etter fire år hadde orlistatgruppa redusert si vekt frå utgangspunktet med 2,7 kg meir enn placebogruppa (1,5). Vekta var altså framleis lågare enn vekt ved studiestart, men auka i forhold til vekta etter 1 års behandling.

Den aktuelle pasienten har også fleire andre medisinske tilstandar og endringar i desse tilstandane eller i kosthaldet vil kunne ha innverknad på pasienten si vekt.

Konklusjon
Randomiserte, blinda, kontrollerte studiar viser at i store materiale vil behandling med orlistat saman med diett gje vektreduksjon det første året, deretter vil vekta auke igjen. Det er sett like mange kilo vektauke i orlistatgruppa som i placebogruppa, men ein differanse i vektreduksjon i dei to gruppene heldt seg. Andre medisinske tilstandar kan også ha innverknad på pasienten si vekt.

Referenser:
  1. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Orlistat GSK. http://www.legemiddelverket.no/preparatomtaler (Sist endret: 23. juli 2007).
  2. Diana Rucker et al. Long term pharmacotherapy for obesity and overweight: updated meta-analysis. BMJ 2007;335;1194-9.
  3. EMEA. Scientific Discussion, Xenical. http://www.emea.eu.int/humandocs/Humans/EPAR/lyrica/lyrica.htm (19.02.2008).
  4. Padwal R, Li SK, Lau DCW. Long-term pharmacotherapy for obesity and overweight. Cochrane Database of Systematic Reviews 2003, Issue 4. Art. No.: CD004094. DOI: 10.1002/14651858.CD004094.pub2.
  5. Torgerson JS et al. XENical in the prevention of diabetes in obese subjects (XENDOS) study: a randomized study of orlistat as an adjunct to lifestyle changes for the prevention of type 2 diabetes in obese patients. Diabetes Care. 2004;27(1):155-61.