Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Meglumin i indometacinpreparat til injeksjon



Fråga: Confortid injeksjon (indometacin) kan ikke skaffes lengre. Det er mulig å spesialbestille Liometacen 25mg/2ml injeksjon, men dette inneholder indometacin-meglumin og ikke indometacin-natrium. Hva er forskjellen? Vil de være identiske i bruk eller må man ta hensyn til noe annet ved bruka av indometacin-meglumin fremfor indometacin-natrium? Spørsmål fra sykehusfarmasøyt.

Svar: Meglumin (N-metylglukamin) er ein organisk base basert på glukose som brukast for solubilisering og pH-justering. Stoffet er mykje brukt i formuleringar av røntgenkontrastmiddel og er generelt sett på som nontoksisk ved dei mengdene som brukast som hjelpestoff. Meglumin er inkompatibelt med aluminium, kopar, mineralsyrer og oksiderande materiale, og truleg også med glipizid (1).

Indometacin er praktisk talt uløyseleg i vatn og lite løyseleg i alkohol. I Confortid injeksjonspreparat er natriumsaltet av indometacin brukt for å betre løysingsevna, medan megluminsaltet er brukt i Liometacen. Det er ikkje funne tilgjengeleg preparatomtale for Liometacen og det er i litteraturen sparsamt med tilgjengelege opplysingar om bruk av dette preparatet. Det har foreløpig ikkje vore mogleg å få kontakt med produsenten.

Basert på det vi har av tilgjengelig informasjon vert det vanskelig å uttale seg om eventuelle skilnader mellom bruk av indometacin-natrium og indometacin-meglumin. Det kan ikkje utelukkast at endra løsyingsevne av indometacin i Liometacen endrar biotilgjenge i ei slik grad at dosejustering vert nødvendig. Spørsmålsstillar vart kontakta med det foreløpige svaret, med avtale om oppfølging etter at RELIS har fått kontakt med produsent.

Referenser:
  1. Rowe RC, Sheskey PJ et al (editors). Pharmaceutical Excipients. Pharmaceutical Press and American Pharmacists Association. Electronic version, (7. mars 2008).