Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Crategus - biverknader og interaksjonar



Fråga: Spørsmålet gjelder en mannlig pasient på 60 år med påvist hepatitt C, genotype 1. Forhøyet ALAT 96, ASAT 71, ellers normale blodprøver. Pasienten vurderes for behandling for HCV med PEG-interferon og ribavirin. Pasienten angir å ha en paroksysmal AF som han tar et middel som heter Crategus for. Han mener selv det er et homøopatisk medikament, men får kjøpt det reseptfritt på apotek. Bruker forøvrig ingen medikamenter og er frisk. Spørsmålsstiller lurer på om det finnes noen data med tanke på: 1. Levertoksisitet av Crategus (bør det seponeres mtp HCV-infeksjon og forhøyede leverprøver?) 2. Evt interaksjoner med interferon og ribavirin? Spørsmål fra sykehuslege.

Svar: Vi kan ved søk ikkje finne informasjon om innhaldsstoff i preparatet Crategus, men får frå Norges naturmedisinske sentral opplyst at det homøopatiske preparatet inneheld hagtorn ( Crataegus) (1). Hagtorn er i følgje urtelista klassifisert som eit ikkje-reseptpliktig legemiddel. Det vil i praksis seie at ein får kjøpt legemiddelet utan resept, men berre på apotek. Frukt, blad og blomar frå hagtorn har tradisjonelt vore brukt til behandling av ei rekke lidingar i både europeisk og kinesisk medisin. Plantane innehelder fleire kjemiske substansar som varierar i mengde, avhengig av plantedel og Crataegus-art. Døme på innhaldsstoff er flavonoid, oligomeriske proanthocyanidiner (OPC), triterpensyrer, organiske syrer, sterolar og kardioaktive amin (spormengder). Planta sine farmakologiske eigenskapar er hovudsaklig kardiovaskulære og inkluderar kardiotonisk-, antiarytmisk-, hypotensiv-, hypolipid- og antioksidativ aktivitet (2).

Hagtorn er rapportert å vere generelt godt tolerert, og etter det vi kan sjå er ikkje hagtornpreparat assosiert med leverbiverknader (3-4). Interaksjonar med hagtornbaserte preparat vil i teorien involvere legemiddel med effekt på hjartekarsystemet (3-4). Vi kan ikkje finne at det er kjent at hagtornpreparat skulle interagere med interferon eller ribavirin.

Homøopatiske preparat består av ein substans fortynna etter eit fast fortynningsprinsipp i vatn/alkohol. Innan molekylærbiologien finst det inga forklaring på korleis homøopatiske preparat verkar. Men det kan konstaterast ved analytiske målingar at dei fleste preparat er reine vatn/alkohol blandingar, sjølv om det sannsynlegvis vil vere snakk om svært beskjedne mengder alkohol i det homøopatiske preparatet. Då det ved bruk av homøopatiske fortynningar trulig er svært lite igjen av stoffa i preparata pasienten brukar, er risikoen for interaksjoner trulig liten sjølv om den ikkje heilt kan utelukkast (5).

Referenser:
  1. Norges naturmedisinske sentral, pers.medd. 13. mai 2008.
  2. RELIS database 2006; spm.nr. 1159, RELIS Nord-Norge. (www.relis.no)
  3. Natural Medicines Comprehensive Database. Hawthorn. http://www.naturaldatabase.com/ (13. mai 2008).
  4. Barnes J, Anderson LA, Phillipson JD, Herbal Medicines. Pharmaceutical Press. Electronic version (13. mai 2008).
  5. RELIS database 2007; spm.nr. 1930, RELIS Øst. (www.relis.no)