

Granulomatøst utslett av drospirenon/etinyløstradiol
Fråga: Ein pasient, ung kvinne, har fått eit utbreidt ukarakteristisk brunlig utslett. Biopsi viser i ein prøve mulig granulomatøs betennelse, i ein annan biopsi ikkje. Er p-pille (drospirenon/etinyløstradiol, Yasmin) rapportert å kunne utløyse granulomatøs betennelse (interstitial granulomatous disease, generalized elastofagocytic granuloma) eller granuloma annulare. Eventuelt hudlidelsen confluent reticulated papillomatosis? Spørsmål frå hudlege.
Svar: Ved søk i tilgjengelig litteratur har vi ikkje funne dei oppgjevne hudlidingane beskrivne som biverknadar av drospirenon/etinyløstradiol eller p-piller generelt. Heller ikkje i WHO sin biverknadsdatabase (1) finst rapportar om granulomatøse hudbetennelsar.
Dei mest vanlege hudbiverknadene av p-piller er kloasma eller melasma (2). Dette synast å vere relatert til østrogeninnhaldet (3).
Spørsmålsstillar vart oppfordra til å melde det aktuelle tilfellet som ein biverknad.
- Verdens Helseorganisasjon (WHO). Bivirkningsdatabase, søk 19.05.2008.
- McEvoy GK, editor. The AHFS Drug Information 2007. Bethesda, MD: American Society of Health-System Pharmacists; 2006. Electronic version, (19.05.2008).
- RELIS database 2006; spm.nr. 4068, RELIS Vest.