Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Lågdose naltrekson som smertebehandling



Fråga: En lege har en pasient som har brukt opioidantagonisten naltrekson (Revia) nå i et halvt år for kroniske smerter. Hun fant dette via hjemmesiden www.ldn.no. Hun bruker 6 mg daglig, tar tablettene oppløst i vann og doserer ut fra vannmengde oppløst tablett. Hun er veldig fornøyd med denne behandlingen, som ikke står som indikasjon i felleskatalogteksten. Bør dette informeres om til norske leger, som alternativ smertebehandling? Brukes til MS pasienter for spasmer. Spørsmål fra allmennlege.

Svar: Det fins noko forsking på opioidantagonistar og smerte, men funna frå forsking både hos dyr og menneske er lite samanfallande og vanskelig å ekstrapolere til ein klinisk situasjon. Det er sett at svært låge dosar nalokson, ein annan opioidantagonist, auker smerteterskelen. Ei mogleg forklaring er at nivået av endogene opiater auker via hemming av negativ feedback og/eller hemming av nedbrytande enzym. Eventuelt kan det vere ein effekt på ikkje-opioid smerteregulering. I høgare dosar har effektane av opioidantagonistar vore meir eintydige i retning av ingen effekt eller svak hyperalgesi (1).

På nettsida for lågdose naltrekson-brukarar som spørsmålsstillar omtalar er det referert til at det er fleire studiar som pågår på behandling med lågdose naltrekson, særleg ved multippel sklerose (MS), men også andre tilstandar (2). Ved Stanford University Medical Senter, Division of Pain Management, pågår det ein placebokontrollert studie på behandling med lågdose naltrekson og effekt på smerter og andre symptom hos pasienter med fibromyalgi (3).

Naltrekson i ultra-låge dosar (mikrogram) er forsøkt i kombinasjon med intratekalt morfin i ein liten studie for behandling av kroniske smerter (4). I tillegg er ultra-låg dose naltrekson forsøkt saman med metadon i ein publisert kasusrapport (5). Kombinasjonsbehandling med lågdose naltrekson såg i desse tilfella ut til å gje betre smertelindring enn opioidbehandling utan naltrekson. I USA er eit kombinasjonspreparat med oksykodon og naltrekson i ultralåg dose under klinisk utprøving (6). Det er foreslått at morfin og andre opioid kan verke både inhibitorisk og eksitatorisk, og at ultra-låge dosar av opioidantagonistar kan gje selektiv blokkade av eksitatoriske effektar og paradoksalt auke opioidanalgesi, samt motverke utvikling av bla. toleranse ved kronisk opioidbruk (4,7). Det er også ein teori at ultralåge dosar naltrekson mogleg kan gje betre effekt av endogene og eksogene opioider ved nevropatisk smerte (7). Biverknads- og risikoprofil er imidlertid ikkje klarlagt. Det er mellom anna ein ukjent grenseverdi for kor tid naltrekson vil utløyse abstinenssymptom ved bruk samstundes med opioid. I tillegg er det eit teoretisk potensiale for reversert toleranse også mot respirasjonsdepresjon og somnolens (4).

Konklusjon
Det fins lite klinisk dokumentasjon for bruk av naltrekson i smertebehandling, særleg som monoterapi, og dette er ikkje lista som indikasjon i nokon av kjeldene vi har sjekka. Biverknads- og risikoprofil er heller ikkje klarlagt. Det er per idag ikkje dokumentasjonsgrunnlag for å anbefale lågdose naltrekson som alternativ smertebehandling.

Referenser:
  1. Bachs LC, Waal H. Naltrexon i behandling av opiatavhengighet - hva vet vi i dag? 2002. Side 15. http://www.fhi.no/dav/9CF4ABCA993E4A84A5D849E5C91FC64B.pdf
  2. www.ldn.no
  3. Younger JW (principal investigator). Low-dose naltrexone fort the treatment of fibromyalgia. http://snapl.stanford.edu/ldn/information.html
  4. Hamann S, Sloan P. Oral naltrexone to enhance analgesia in patients receiving continuous intrathecal morphine for chronic pain: a randomized, double-blind, prospective pilot study. J Opioid Manag 2007;3(3):137-44.
  5. Cruciani RA et al. Ultra-Low Dose Oral Naltrexone Decreases Side Effects and Potentiates the Effect of Methadone. Letter. J Pain Symptom Manage 2003;25(6):491-4
  6. Webster LR. Oxytrex: an oxycodone and ultra-low-dose naltrexone formulation. Expert Opin Investig Drugs 2007;16(8):1277-83.
  7. Largent-Miles TM. et al. Oxycodone plus ultra-low dose naltrexone attenuates neuropathic pain and associated µ-opioid receptor-Gs coupling. J Pain 2008. Epub ahead of print.