

Pregabalin og amnesi
Fråga: Ein pasient med alvorleg nerveskade er medisinert med pregabalin (Lyrica), duloksetin (Cymbalta) og tramadol. Har stått på nedtrapping siste år og redusert frå 600 mg pregabalin, aukande konsentrasjonsvanskar i denne perioden. Rett etter den aktuelle skaden hadde pasienten fullstendig amnesi med gradvis betring i laupet av månader. Ingen kjende alvorlege skader mot hovudet eller anna som synast å kunne forklare pasienten sine vanskar. Av fastlegen og andre skal pasienten ha fått vite at amnesien kan skuldast medikamentell biverknad av Lyrica. Kjenner RELIS til liknande tilfelle? Spørsmål frå nevropsykolog.
Svar: Hukommelsesforstyrringar er omtalt som biverknad i preparatomtale for pregabalin, utan at det er nærare skildra (1). Vi har ikkje funne detaljert omtale av slike biverknader i øvrig medisinsk litteratur og det er ikkje funne publiserte kasusrapportar som skildrar hukommelsesvanskar ved bruk av pregabalin.
I WHO sin internasjonale biverknadsdatabase er det om lag 100 rapportar på amnesi og svekka hukommelse samt ein rapport på raskt innsetjande retrograd amnesi, reversibel ved seponering (2). I den norske biverknadsdatabasen finst det eit titals rapportar på svekka eller forstyrra hukommelse og amnesi. Ingen av desse ser ut til å ha liknande forløp som den aktuelle spørsmålsstillinga, men detaljerte opplysingar om hukommelsesvanskane manglar (3). Årsakssamanheng mellom pregabalin og rapporterte hukommelsesvanskar i biverknadsdatabasane er imidlertid ikkje stadfesta.
Pregabalin har ingen kjende interaksjonar med duloksetin og tramadol som kan forklare pasienten sine hukommelsesvanskar, ut over eit generelt potensiale for additiv effekt ved bruk av fleire substansar med dempande effekt på sentralnervesystemet (4).
Vi har heller ikkje funne liknande tilfelle omtalt i litteraturen for den liknande substansen gabapentin.
Spørjaren nemner også at pasienten opplever aukande konsentrasjonsvanskar ved nedtrapping av pregabalin. Det er sett seponeringssymptom hos pasientar etter bruk av pregabalin, men konsentrasjonsvanskar er ikkje oppgitt blant desse symptoma (1).
Konklusjon
Vi har ikkje funne omtala liknande kasusar i litteraturen. Det er kjent at pregabalin kan ha innverknad på hukommelse, og det kan ikkje utelukkast at pregabalin kan vere involvert i det aktuelle tilfellet.
Pregabalin er relativt nytt på marknaden og sjeldne biverknader kan framleis vere ukjende. Det oppfordrast difor til å sende inn biverknadsmelding.
Referenser:- Läkemedelsverket (Sverige). Preparatomtale (SPC) Lyrica. http://www.lakemedelsverket.se/ (Sist endret: mars 2008).
- Verdens Helseorganisasjon (WHO). Bivirkningsdatabase, søk 8. juli 2008.
- Statens legemiddelverk. Den norske bivirkningsdatabasen, søk 10. juli 2008.
- Baxter K, editor. Stockley's Drug Interactions. London: Pharmaceutical Press. Electronic version. (Sist oppdatert: 11. oktober 2007).
