

Dokumentasjon for tripelennamin hydroklorid
Fråga: Farmasøyt ved apotek spør RELIS om dokumentasjonen for virkestoffet tripelennamin hydroklorid. Er det dokumentert effekt når det brukes som lindrende etter insektsstikk i styrke 20 mg/g? Legemiddelet finnes i utlandet som en stift under handelsnavnet Azaron.
Svar: Tripelennamin er ein antagonist på H1-reseptorar. Substansen er hevda å ha låg til moderat antihistaminerg aktivitet samt lokalbedøvande og kløestillande effekt. Tripelennamin har også moderate sedative effektar, men beskjeden antikolinerg aktivitet. Topikal administrasjon av 2 % krem tre til fire gonger dagleg er anbefalt ved kløe (1). Den kløestillande effekten gjeld dersom kløen er histaminmediert, og den svake lokalbedøvande effekten kan også tenkast å bidra her (2).
Ei amerikansk kjelde vurderer tripelennamin brukt ved både systemiske og lokale hypersensitivitetsreaksjonar som effektiv behandling, men substansen anbefalast likevel ikkje brukt i meir enn enkeltståande tilfelle. Når det gjeld behandling av dermatografisk urtikaria med tripelennamin synast dette å vere effektivt, men dokumentasjonen er motstridande. Generelt har studiar med tripelennamin til dels vore små og med metodologiske svakheiter (1). Utover dette er det ikkje publisert nyare artiklar som har teke føre seg tripelennamin til bruk på hud og ved insektstikk eller -bitt, og substansen synast å vere lite brukt (2).
Ei britisk kjelde anbefalar topikale kortikosteroid framfor topikale antihistamin ved insektstikk eller -bitt. Topikale antihistamin vert omtala som mindre eigna av di dei berre er marginalt effektive og kan forårsake sensitivisering. Det utelukkast likevel ikkje at lokale antihistamin kan vere eigna i enkelte tilfelle, men bruk utover 3 dagar anbefalast ikkje (3).
- Klasco RK (Ed): Tripelennamine (Drug Evaluation). DRUGDEX® System (electronic version). Thomson MICROMEDEX, Greenwood Village, Colorado, USA. Available at: http://www.thomsonhc.com (4. august 2008).
- McEvoy GK, editor. The AHFS Drug Information 2008. Bethesda, MD: American Society of Health-System Pharmacists; 2008. Electronic version, (4. august 2008).
- British National Formulary no 55, mars 2008. http://www.bnf.org/ (4. august 2008).