

ACE-hemmar eller angiotensin II-antagonist ved amming
Fråga: Kvinne som nettopp har født treng ACE-hemmer eller angiotensin II-antagonist pga kardiomyopati. Kva medikament er best ved amming? Kvinna brukar i tillegg betablokkar og digitoksin. Spørsmål frå sjukehuslege.
Svar: Kaptopril eller enalapril anbefalast brukt i dei tilfelle der behandling med ACE-hemmar er naudsynt under amming. Desse substansane reknast å vere kompatible ved amming. Barnet sin dose er rekna å vere høgst 0,014 % av mora si vektjusterte dose for kaptopril, og 0,03 % for enalapril. For kaptopril er det ikkje rapportert om negative effektar på ammande born og risikoen for påverknad av barnet ved bruk av dei to substansane sjåast på som liten (1-2).
Angiotensin II-antagonistar anbefalast ikkje brukt ved amming då ein ikkje har kliniske data om amming og sikkerheit hos bornet (1-2).
Referenser:- Avdelningen för klinisk farmakologi, Karolinska universitetssjukhuset. Läkemedel och amning. http://www.janusinfo.se/imcms/servlet/GetDoc?meta_id=3652 (20. august 2008).
- Norsk legemiddelhåndbok for helsepersonell. http://www.legemiddelhandboka.no/ (20. august 2008).
