

Antipsykotika ved vrangforestillinger og Asperger syndrom
Fråga: Mann i 30-årene med Asperger syndrom med utpreget tvang. Psykotiske vrangforestillinger i tillegg. Bruker ingen medisiner. Behov for antipsykotisk medikasjon, antagelig nødvendig med depotinjeksjon. Finnes det dokumentasjon i forhold til hva man bør velge og om det anbefales lavere doser på grunn av Asperger? Finnes det dokumentasjon på kontraindikasjon mot å bruke antipsykotikum ved Asperger eller andre autisemespekter-lidelser ved samtidig psykose? Fra en psykiater.
Svar: Kombinasjonen av schizofrene symptom og symptom på Asperger syndrom er ei diagnostisk utfordring. Det er spekulert om det er samanheng mellom Asperger syndrom og schizofreni. Forholdet mellom tankeforstyrringane i Asperger syndrom og vrangforestillingane i schizofreni er ikkje enno forstått, heller ikkje kor vidt det er lik eller ulik patogenese for vrangforestillingar ved dei to lidingane (1).
Norsk elektronisk legehåndbok omtalar at antipsykotika kan brukast hos pasientar med Asperger syndrom ved forvirringstilstandar og psykotiske episodar (2). Lingjerde skriv at antipsykotika kan nyttast ved autistiske tilstandar som behandling retta mot spesielle symptom (3). I og med at antipsykotika blir brukt i behandling av autistiske sjukdomar så kan vi ikkje finne rasjonale for at det skulle vere kontraindisert i dette tilfellet.
Preparatval og dose
Vi har ikkje funne litteratur som diskuterer preparatval hos personar med Asperger syndrom og vrangforestillingar. Ein artikkel presenterer seks kasusrapportar der pasientar med Asperger syndrom og schizofrene symptom fekk behandling, fire av dei med risperidon. To hadde signifikant effekt (desse var behandla med valproat 1000 mg/dag i tillegg til risperidon 6 mg/dag), èin hadde moderat effekt (risperidon 3 mg/dag) og èin hadde ingen effekt (1).
Antipsykotika er brukt i behandling av åtferdsforstyrringar ved såkalla autismespekter lidingar (autism spectrum disorders, ASD). Risperidon er best dokumentert (4) og risperidon tablettar har godkjent indikasjon for alvorlege åtferdsforstyrringar ved autisme. For dosering for denne indikasjonen visast det til preparatomtale for Risperidon der framgangsmåte er detaljert skildra (5). I ein studie for tilsvarande indikasjon hos vaksne med autistisk sjukdom og gjennomsnittsalder 28,1 ± 7,3 år vart det brukt dosar på gjennomsnittleg 2,9 ± 1,4 mg med effekt mot åtferdsforstyrringar (6).
Vi har ikkje funne litteratur som skildrar bruk av depotinjeksjon hos pasientar med Asberger syndrom.
Konklusjon
Vi har ikkje funne litteratur som diskuterer preparatval hos personar med Asperger syndrom og vrangforestillingar. Antipsykotika blir brukt i behandling av åtferdslidingar ved autism spectrum disorders (ASD) og risperidon er best dokumentert. Det fins eit fåtals kasusrapportar der risperidon har hatt moderat til signifikant effekt på schizofrene symptom ved Asperger syndrom. Det er brukt dosar frå 0,5 - 6 mg dagleg ved ASD og det er ikkje funne noko litteratur som omtalar spesiell forsiktigheit for personar med Asperger syndrom.
- Raja M, Azzoni A. Thought disorder in Asperger syndrome and schizophrenia: Issues in the differential diagnosis. A series of case reports. World J Biol Psychiatry 2007;26:1-9.
- Norsk elektronisk legehåndbok. http://www.legehandboka.no/ (22. september 2008).
- Lingjerde O. Psykofarmaka 2006; 5.utg.: 512.
- RELIS database 2007; spm.nr. 2357, RELIS Midt-Norge. (www.relis.no)
- Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Risperdal. http://www.legemiddelverket.no/preparatomtaler (Sist endret: 28. november 2006).
- McDougle CJ, Holmes JP et al. A double-blind, placebo-controlled study of risperidone in adults with autistic disorder and other pervasive developmental disorders. Arch Gen Psychiatry 1998;55(7):633-41.
