

Innhald i D-anabol kapslar
Fråga: Tollvesenet spør om metandesenolone er eit synonym til ein anna substans, for eksempel metandrostenolon. Det gjeld kapslar med namnet D-anabol. Under namnet metandesenolone står det også 2-amino-5-guanidino valeric acid og rhaponticum carthamoides.
Svar: Metandesenolone Metandesenolone er ikkje funne omtala i farmasøytiske kjelder. Søk i Google gir treff på fleire nettstadar som sel ulike preparat for kroppsbygging. På desse sidene fins mellom anna produkt som er angitt å innehalde metandesenolone, her marknadsført som eit potent anabolt steroid. Metandesenolone er også omtala på ulike diskusjonsforum for kroppsbyggjarar. I slike forum vert det sådd tvil om effekten av dette preparatet og det er uttalt at namnet metandesenolone og produktnamnet D-anabol er valt for å gje forveksling med metandrostenolon (metandienon) i det farmasøytiske produktet Dianabol, som er eit anabolt steroid (1). Dianabol er eit reelt produkt frå det farmasøytiske selskapet Novartis (2). Påstandar som ovanfor er naturleg nok ikkje tilstrekkeleg til å avkrefte eller stadfeste om metandesenolone er eit anabolt steroid eller ikkje. Truleg må kjemisk analyse til for å finne ut kva preparatet inneheld.
2-amino-5-guanidino valeric acid Dette er kjemisk namn på arginin, som er ei essensiell aminosyre for human utvikling (3) og fins i form av protein i kosten. Ei kjelde angir at tilskot av arginin blir brukt for å betre sportleg yteevne (4). Det er imidlertid uavklart om arginintilskot kan betre fysisk prestasjonsevne hos friske personar (5).
Rhaponticum carthamoides ( Leuzea carthamoides) Dette er ei urt som heiter reinrot på norsk. Denne urta står oppført som handelsvare i legemiddelverket si urteliste og reknast derfor ikkje som eit legemiddel (6). Det er imidlertid gjort ein god del studiar på innhald og medisinsk effekt av ulike komponentar som fins i denne urta. Mellom anna inneheld urta fleire ulike ecdysteroid, og plantedelar brukast som råmateriale for å framstille desse stoffa. Ecdysteroid har vist vekstfremmande og anabole eigenskapar i dyrestudiar, og det er foreslått at ecdysteroid muligens kan ha potensiale som anabol substans i dopingsamanheng (7-10).
Konklusjon
RELIS kan ikkje finne metandesenolone omtala i farmasøytisk litteratur, og vidare ingen informasjon om det er eit synonym til metandrostenolone eller andre kjende substansar. Dei øvrige deklarerte innhaldsstoffa er aminosyra arginin og urta reinrot ( Rhaponticum carthamoides).
- 1) www.google.no. Søk: metandesenolone. 30.12.08.
- 2) Klasco RK (Ed): Dianabol (Tradename). DRUGDEX® System (electronic version). Thomson MICROMEDEX, Greenwood Village, Colorado, USA. Available at: http://www.thomsonhc.com (30. desember 2008).
- 3) O'Neil MJ, Amith A et al, editors. The Merck index: An Encyclopedia of Chemicals, Drugs, & Biologicals 2001; 13th ed.: 133.
- 4) Natural Medicines Comprehensive Database. Arginine. http://www.naturaldatabase.com/ (30. desember 2008).
- 5) Paddon-Jones D, Børsheim E et al. Potential ergogenic effects of arginine and creatine supplementation. J Nutr 2004;134(10 Suppl):2888S-2895S.
- 6) Urtelisten. Forskrift om legemiddelklassifisering. http://www.lovdata.no/cgi-wift/ldles?doc=/sf/sf/sf-19991227-1565.html. (Sett 30. desember 2008).
- 7) Szókán G. Doping agents and their analytical control. Abstract. Acta Pharm Hung. 2002;72(4):231-44.
- 8) Tsitsimpikou C, Tsamis GD et al. Study of excretion of ecdysterone in human urine. Rapid Commun Mass Spectrom 2001;15(19):1796-801.
- 9) Lafont R, Dinan L. Practical uses for ecdysteroids in mammals including humans: an update. J Insect Sci. 2003;3:7.
- 10) Báthori M, Tóth N et al. Phytoecdysteroids and anabolic-androgenic steroids--structure and effects on humans. Abstract. Curr Med Chem 2008;15(1):75-91.
