Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Ketokonazol og amming



Fråga: Kvinne bruker Nizoral (legemiddel skrevet ut i Danmark) forebyggende mht sopp. Kan hun starte opp med dette nå når hun ammer sitt 6 uker gamle barn? Spørsmål frå helsesøster.

Svar: Nizoral tablettar inneheld ketokonazol 200 mg (1). Oral absorpsjon av ketokonazol er svært variabel og avhengig av eit surt miljø. Brystmjølk fremjer basisk miljø i barnet sitt mage-/tarmsystem og kan tenkast å redusere mengd ketokonazol absorbert av barnet. Absorpsjon og distribusjon av ketokonazol hos barn er imidlertid ikkje kjent (2).

Det finst berre tilgjengeleg informasjon om eitt enkelt tilfelle der ein har målt konsentrasjon av ketokonazol i morsmjølk. Kvinna tok 200 mg ketokonazol dagleg i 10 dagar medan ho amma sitt 1 månad gamle barn. Relativ dose for barnet var estimert til 0,4 %, som er lågt. Ingen biverknader vart observert hos barnet (3).

Fleire kjelder oppgjev at peroral ketokonazol vanlegvis kan brukast under amming (2-4). Norsk legemiddelhandbok for helsepersonell vurderer overgang til morsmjølk som liten ved systemisk bruk, og at peroral ketokonazol kan brukast av ammande ved korttidsbehandling under 14 dagar (5). Ei svensk kjelde skriv at risikoen for påverknad av barnet truleg er låg, men sidan kliniske data manglar bør bruk vurderast i kvart enkelt tilfelle (6).

Lokalbehandling med ketokonazol krem eller sjampo kan brukast under amming (2,3,7).

RELIS kjenner ikkje til indikasjon, administrasjonsform, dosering eller varigheit av behandlinga, og det er ukjend om forskrivande lege kjente til at kvinna ville amme. I det aktuelle tilfellet bør lege vurdere eventuell bruk av ketokonazol hos den ammande kvinna opp mot indikasjon og behandlingsvarigheit.

Referenser:
  1. Lægemiddelstyrelsen (Danmark). Produktresumé (SPC) Reductil. http://www.produktresume.dk/ (Sist endret: 14. desember 2006).
  2. Hale TW, editor. Medications and mothers' milk: A manual of lactational pharmacology 2008; 13th ed.: 525.
  3. Briggs GG, Freeman RK et al, editors. Drugs in pregnancy and lactation. A reference guide to fetal and neonatal risk 2008; 8th ed.: 1003-4.
  4. Klasco RK (Ed): Reprotox. Ketoconazole. REPRORISK® System (electronic version). Thomson MICROMEDEX, Greenwood Village, Colorado, USA. Available at: http://www.thomsonhc.com (16. april 2009).
  5. Norsk legemiddelhåndbok for helsepersonell. http://www.legemiddelhandboka.no/ (16. april 2009).
  6. Avdelningen för klinisk farmakologi, Karolinska universitetssjukhuset. Läkemedel och amning. Ketoconazol. http://www.janusinfo.se/imcms/servlet/GetDoc?meta_id=3652 (16. april 2009).
  7. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) a. Fungoral krem (Sist endret: 13. februar 2009) b. Fungoral sjampo (Sist endret: 13. februar 2009). http://www.legemiddelverket.no/legemiddelsok.