

Konsekvenser ved forveksling av bensodiazepiner
Fråga: Farmasøyt spør om konsekvensene av at en pasient har fått 15 mg oksazepam (Alopam) når vedkommende istedet skulle ha fått 2,5 mg nitrazepam (Apodorm)?
Svar: Skilnaden mellom dei ulike bensodiazepina med omsyn til ulike kliniske verknader er forholdsvis liten. Det kan derimot vere betydelig skilnad med omsyn til farmakokinetikk, og midla skil seg ved forskjellig absorpsjonshastigheit, fordelingshastigheit til sentralnervesystemet, nedbrytingshastigheit og eventuell danning av aktive metabolittar (1-2). I det aktuelle tilfellet har vi forstått det slik at pasienten ved eit eingangstilfelle har fått administrert 15 mg oksazepam (Alopam) i staden for 2,5 mg nitrazepam (Apodorm).
Nitrazepam har relativt rask absorpsjonshastigheit og når maksimal plasmakonsentrasjon etter om lag 1,5 til 2 timar. Oksazepam absorberast langsamare og når maksimal plasmakonsentrasjon etter 2-4 timar. Den relativt raske absorpsjonen av nitrazepam samt ei rask fordeling til sentralnervesystemet, gir hurtig innsettande effekt. Både nitrazepam og oksazepam omdannast i lever til svakt aktive (nitrazepam) og inaktive metabolittar (begge). Nitrazepam har ei halveringstid på rundt 20-30 timar medan oksazepam har 5-15 timar. I tillegg til dei farmakokinetiske variasjonane som er mellom dei ulike bensodiazepina vil det føreligge individuelle skilnader (1-4).
På grunnlag av ovannemnde farmakokinetiske skilnader er det vanskeleg å samanlikne den aktuelle doseringa av nitrazepam og oksazepam direkte. Begge legemidla er imidlertid dosert i nedre del av anbefalt doseringsområde (2-3). Dette skulle tilseie at pasienten truleg ikkje har opplevd store skilnader i klinisk effekt ved bruk av oksazepam i staden for nitrazepam. Det kan tenkast at det tok noko lenger tid før effekten tilkom sidan oksazepam har ei langsamare absorpsjonshastigheit, men også her er det store individuelle skilnader. Oksazepam har også kortare halveringstid, så om pasienten brukar bensodiazepin sporadisk, vil oksazepam ha gitt klinisk effekt av kortare varigheit enn nitrazepam.
- Lingjærde O. Psykofarmaka. Medikamentell behandling av psykiske lidelser 2006; 5. utg.: 310-37, 348-9.
- Norsk legemiddelhåndbok for helsepersonell. http://www.legemiddelhandboka.no/ (19. august 2010).
- Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) a) Apodorm (Sist endra: 16. oktober 2006), b) Alopam (Sist endra: 01. juni 2010). http://www.legemiddelverket.no/legemiddelsok.
- Medicin.dk (Danmark). Benzodiazepiner. www.medicin.dk (Revidert: 08. februar 2010).