

Kognitiv svikt og infliksimab
Fråga: Mann i femtiåra, som har blitt behandla med infliksimab (Remicade) knapt fem år på grunn av psoriasis. Han har også brukt levomepromazin (Nozinan) 5 mg vesper siste fem år på grunn av søvnvanskar. Dei siste to åra har han fått aukande svikt i korttidshukommelse og er no periodevis uttalt forvirra. Ved akutt innleggjing nevrologisk avdeling har han fått diagnosen transitorisk global amnesi, men pasientens lege trur det meir truleg er demensutvikling. Legen spør om det kan vera biverknad av infliximab.
Svar: Infliksimab er ein TNF-alfa-hemmar. Ein veit at TNF-alfa-hemmarar er involvert i prosessar i sentralnervesystemet, og ein kan dermed ikkje utelukka psykiske eller nevrologiske effektar (1). I preparatomtalar til infliksimab er ei rekke nevrologiske og psykiatriske biverknader lista opp. Insomni og depresjon er vanlege biverknader, medan amnesi, agitasjon, forvirring, nervøsitet og somnolens er mindre vanlege, og apati er sjeldan. Vertigo, hypoestesi og parestesiar er av dei vanlege biverknadene, mindre vanleg er krampeanfall og nevropatiar. Det er sett tilfelle av nyoppstått eller forverra demyeliniserande sjukdom i sentralnervesystemet, som MS-liknande sjukdom, og sjukdom i perifert nervesystem, som til dømes Guillain-Barres sjukdom, men sikker samanheng er ikkje etablert. Det er også sett nokre tilfelle av CNS-manifestasjon av systemisk vaskulitt. Utvikling av kognitiv svikt og demens er ikkje særskilt skildra (2-5).
Ved søk i WHO sin biverknadsdatabase på infliksimab finn ein eit 20-tals rapporterte tilfelle av demens, tolv av desse klassifisert som Alzheimers demens, og rundt 300 tilfelle av hukommelsestap eller anmesi og annan kognitiv dysfunksjon (6). Dette kan også skuldast samtidig bruk av andre legemiddel. Rapportar frå biverknadsdatabasen er samla inn gjennom spontanrapporteringssystem, og kan derfor ikkje brukast til å dokumentera samanheng mellom biverknader og frekvens av biverknader.
Ut frå tilgjengelege opplysningar finn RELIS at forvirring og amnesi hjå den aktuelle pasienten kan ha samanheng med infliksimab-behandling. Når det gjeld utvikling av kognitiv svikt og demens, er det rapportar på dette under infliksimab-behandling, men ein har ikkje dokumentasjon ut over dette. Depresjon er sett ganske hyppig hjå pasientar på infliximab-behandling, og depresjon kan hjå ein del gi kognitive utfall som hukommelses-svikt.
Levomepromazin (Nozinan) er eit høgdose nevroleptikum med sterk sedativ effekt. I preparatomtale blir apati, engstelse, og endring i stemningsleie oppgitt som kjende biverknader. Eliminasjonen er i hovudsak gjennom CYP 2D6, og sju prosent av befolkninga har dårleg funksjon av dette CYP-enzymet. Hjå aktuelle pasient er det brukt ein forholdsvis liten dose på 5 mg dagleg, og ein mistenker ikkje i utgongspunktet opphopning av medikamentet.
Referenser:- RELIS database 2008; spm.nr. 3183, RELIS Aust. (www.relis.no/database)
- Clinical Pharmacology 2012 database. Infliximab. Gold Standard Elsevier. http://www.clinicalpharmacology.com/ (1. mars 2012).
- Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Remicade. http://www.legemiddelverket.no/legemiddelsok (Sist endra: 26.juli 2011).
- Stone JH. Tumor necrosis factor-alpha inhibitors: an overview of adverse effects. In: UpToDate. http://www.uptodate.com/ (Sist oppdatert: 13. desember 2011).
- Klasco RK, editor. Infliximab. (Drug Evaluation). Micromedex. http://www.thomsonhc.com/ (1. mars 2012).
- Verdens Helseorganisasjon (WHO). Bivirkningsdatabase, søk 1. mars 2012.
- Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Nozinan. http://www.legemiddelverket.no/legemiddelsok (Sist endra: 26.juli 2011).
