Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Raynauds fenomen og hypertensjon av atomoksetin og metylfenidat



Fråga: Ein pasient fekk Raynauds syndrom i overekstremitetar etter oppstart av atomoksetin (Strattera), medikamentet blei seponert. Reoppstart medførte intermitterande hovudverk, stigning i diastolisk blodtrykk frå 70 til 91 mmHg, og stigning i puls til 105/min, og Strattera er på nytt seponert. Lege lurer på om atomoksetin eller metylfenidat (Ritalin) kan gi tilsvarande spasmar i mikrosirkulasjon intracerebralt, og om Raynauds fenomen er ein kontraindikasjon mot behandling med medikamenta.

Svar: Raynauds fenomen er anfallsvis iskemi i fingrar eller tær, sjeldnare ansikt, der ein får ei avbleiking eller cyanose, og ofte hyperemi når dette går tilbake. Kuldestimuli eller emosjonelle stimuli er gjerne utløysande. Tilgrunnliggjande mekanisme er ikkje sikkert fastlagt, men ved primært Raynauds fenomen tenkjer ein at det føreligg ein abnormal vasokonstriksjon av arterier i fingrar/tær og kutane arteriolar på grunn av lokal defekt i normal vaskulær respons. Ved sekundære årsaker som rheumatisk sjukdom, hematologiske tilstandar og arteriell sjukdom kan andre mekanismar liggja til grunn (1-3).

Hjå denne pasienten kom Raynauds fenomen etter oppstart av atomoksetin. Det er kjent at ei rekkje medisinar kan gi Raynauds fenomen. Det er enkeltrapportar på assosiasjon med bruk av atomoksetin, og det er noko meir dokumentasjon for at metylfenidat kan forårsaka eller forverra Raynauds syndrom (4,5). Me finn ikkje oppgitt at Raynauds fenomen er ein kontraindikasjon mot behandling (4).

Ved primært Raynauds fenomen er det lokale mekanismar som gir iskemi. Ved sekundære former for Raynauds fenomen kan ein ikkje utelukka at det som ein del av tilgrunnliggjande sjukdom også kan vera påverknad av cerebral sirkulasjon, og dermed at bruk av metylfenidat eller atomoksetin kan gi forverring av dette. Det er i det siste auka fokus på at atomoksetin kan gi auka blodtrykk og puls, og medikamentet skal ikkje brukast ved alvorleg kardiovaskulær eller cerebrovaskulær liding (6). Det kan ikkje utelukkast at atomoksetin kan gi lett til moderat auke i risiko for hjerneslag, dette gjeld også for metylfenidat (7). Pasienten har blodtrykks- og pulsauke som er signifikant. Behandlande lege får vurdera vidare utgreiing av Raynauds fenomen og blodtrykks- og pulsstigning, særskilt om pasienten har kjende hjarte-kar-lidingar eller andre symptom på dette. Eventuell vidare behandling med metylfenidat eller atomoksetin får deretter vurderast på nytt.

Referenser:
  1. Wigley FM. Pathogenesis og the Raynaud phenomenon. In: UpToDate. http://www.uptodate.com/ (Sist oppdatert: 3. oktober 2010).
  2. Wigley FM. Clinical manifestations and diagnosis of the Raynaud phenomenon. In: UpToDate. http://www.uptodate.com/ (Sist oppdatert: 29. februar 2012).
  3. Gundry B, Bell L et al. Diagnosis and management of Raynaud’s phenomenon. BMJ 2012; 844: e289
  4. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) a. Strattera (Sist endra: 6. desember 2011). b. Ritalin (Sist endra: 3. januar 2011). http://www.legemiddelverket.no/legemiddelsok
  5. RELIS database 2011; spm.nr. 7183, RELIS Vest. (www.relis.no/database)
  6. Statens legemiddelverk. Preparater i fokus 2011. Strattera og risiko for økt blodtrykk og hjertefrekvens. 15. desember 2011. http://www.legemiddelverket.no/templates/InterPage____83332.aspx
  7. Klasco RK, editor. a. atomoxetine. b. methylphenidate. (Drug Evaluation). Micromedex. http://www.thomsonhc.com/ (15. mai 2012).