

Langsam legemiddelomsetjing og bupropionbehandling
Fråga: Ein pasient med bipolar liding har fått påvist at ho er langsam legemiddeomsetjar. Ho brukar valproat (Orfiril Long) 900 mg, lamotrigin (Lamictal) 175 mg x 2, og pregabalin (Lyrica) 150 mg x 2. Tidlegare brukt escitalopram 5 mg som er seponert på grunn av biverknader. Psykiatar ynskjer å starta med bupropion (Wellbutrin) 150 mg, som er ein CYP2D6-hemmar, og lurer på om dette vil påverka dei andre medikamenta ho brukar.
Svar: I Noreg kan ein i dag testa for langsam legemiddelomsetjing via CYP2D6, CYP2C9, CYP2C19 og CYP2B6 (1). CYP2D6 og CYP2C19 kan også forekomma med fleire genkopiar, og gi ultrarask metabolisering av legemiddel (2). Aktuelle pasient har ved farmakogenetisk testing fått påvist langsam legemiddelomsetjing, utan at RELIS kjenner til kva CYP-enzym som er affisert.
Pasienten sine faste medisinar:
Pasienten brukar valproat, lamotrigin og pregabalin. Valproat og lamotrigin blir begge nedbrotne ved glukuronidering (3,4a). Valproat hemmar omsetjinga av lamotrigin, truleg ved å hemma glukuronideringa, og kan gi opp til fire gonger auka nivå av lamotrigin (5,6). Lamotrigin kan også i mindre grad gi reduksjon av valproat, den kliniske signifikansen av dette er usikker (5). Pregabalin blir metabolisert i svært liten grad, og skilt ut uendra i urinen, og ein finn ikkje at det er interaksjonar med pasienten sine øvrige medikament eller bupropion (4c,5,6). Langsam legemiddelomsetjing som følgje av CYP-utfall påverkar dermed ikkje pasienten sine faste medisinar. Pasienten brukte escitalopram tidlegare, og måtte seponera på grunn av biverknader. Escitalopram blir metabolisert av CYP2C19, og ved defekt CYP2C19-genotype kan ein få forhøya serumkonsentrasjonar av escitalopram og auka fare for biverknader (4d).
Bupropion:
Bupropion blir hovudsaklig omdanna til aktiv metabolitt hydroksybupropion via CYP2B6. Dersom pasienten har påvist redusert omsetjing ved CYP2B6 vil mindre bli omsett frå bupropion til hydroksybupropion, men det er ukjent kor viktig dette er klinisk (4c). Bupropion inhiberer også CYP2D6, men pasienten brukar ingen medikament som blir påverka av dette. Når det gjeld andre interaksjonar har ein mindre studie vist at valproat aukar aktiv metabolitt av bupropion, og det er også haldepunkt for at serumkonsentrasjon av valproat aukar (5). Preparatomtalen for bupropion oppgir at samtidig behandling med buprupion og hemmarar som valproat bør gjerast med varsemd (4c). Dersom behandlande lege vel å statra opp med bupropion kan serumkonsentrasjonsmålingar vera til hjelp.
Konklusjon:
Pasienten har ved gentest fått påvist langsam legemiddelomsetgjing, utan at RELIS veit kva CYP-enzym som er affisert. Me finn ikkje at hennar faste medikasjon vil vera affisert av langsam omsetjing. CYP2B6 metaboliserer bupropion til den aktive metabolitten hydroksybupropion, men det er ukjent om langsom omsetjing til aktiv metabolitt på grunn av CYP2B6-mutasjon vil ha klinisk verknad. Valproat aukar aktiv metabolitt av bupropion, og preparatomtalen tilrår at ein skal vera forsiktig ved behandling med begge medikament. Ingen av pasienten sine faste medikament blir metabolisert via CYP2D6.
- Norsk portal for medisinsk-genetiske analyser. Gener knyttet til legemiddelomsetning. http://www.genetikkportalen.no/default.asp?act=tilst&TgID=2&katID=9&TilID=76 (18. juni 2012)
- Rudberg I, Solberg DK et al. Legemidler i praksis. CYP-genotyping ved psykofarmakologisk behandling. Tidsskr Nor Lægeforen nr 21, 2005; 125: 2953-5.
- Hiemke C, Baumann P et al. AGNP consensus guidelines for therapeutic drug monitoring in psychiatry: update 2011. Pharmacopsychiatry 2011;44:195-235.
- Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) a. Lamictal. (Sist endra: 13. desember 2011) b. Lyrica. (Sist endra: 22. november 2011) c. Wellbutrin. (Sist endra: 16. februar 2012) d. Escitalopram. (Sist endra: 18. mai 2012) http://www.legemiddelverket.no/legemiddelsok
- Baxter K, editor. Stockleys Drug Interactions. http://www.medicinescomplete.com/ (19. juni 2012).
- Spigset O, redaktør. Drug Information Database (DRUID) http://www.interaksjoner.no/ (19. juni 2012).
