

Maksdosering for deksamfetamin (Metamina)
Fråga: Farmasøyt ved apotek spør kva som er maksdosering for deksamfetamin. Ein kunde brukar 15 tablettar dagleg.
Svar: Metamina inneheld deksamfetamin, som er eit preparat ein kun får på godkjenningsfritak i Noreg (1-3). RELIS har ikkje lukkast i å finna preparatomtale for Metamina, men preparatet føreligg i 5 mg-tablettar, og 15 tablettar per dag gir ein dagsdose på 75 mg (1,3). Amfetamin er eit kiralt molekyl med to enantiomerar, deksamfetamin og levoamfetamin, og deksamfetamin skal ha fire gonger så stor sentralnervøs effekt som levoamfetamin (2).
RELIS kjenner ikkje til om spørsmålet gjeld barn eller vaksen person, eller kva som er indikasjonen for behandling med deksamfetamin.
Deksamfetamin blir brukt i behandling av ADHD og narkolepsi. Ved ADHD er det tilrådd i dosar opp til 20 mg hjå born, men i aldersgruppa 6-18 år kan det vera naudsynt med opp til 40 mg, og hjå vaksne kan det i følgje fleire kjelder gjevast opp til 60 mg, fordelt på fleire dosar (2,4,5). Ved narkolepsi har deksamfetamin tidlegare vore mykje brukt mot søvnigheit og søvnanfall, men er no andrelinjemedikament på grunn av biverknader (6). I ei kjelde finn ein at dosar mellom 5 og 70 mg har blitt brukt (7), men 60 mg ser ut til å vera tilrådd maksdosering hjå vaksne også ved denne indikasjonen (5).
I terapeutiske dosar vil biverknader av deksamfetamin som regel vera eit avgrensa problem (2), men blodtrykk og puls bør monitorerast, og hypertensjon, hjartesjukdom og hypertyreose er relative kontraindikasjonar (2,3,5). I høgare dosar, eller ved enkeltdosar over 20 mg, kan medikamentet gi eufori, hjå enkelte skjer dette alt ved terapeutiske dosar, potensielt kan dette gi auka fare for misbruk. Dosering av deksamfetamin er imidlertid individuell, dosen blir trappa opp til lågast mogleg vedlikehaldsdose etter respons (2,4-6), og ein kan ut frå dette ikkje utelukka at enkelte pasientar kan ha behov for høge dosar.
Konklusjon
Deksamfetamin (Metamina) er ein enantiomer av amfetamin, og kan i Noreg berre skrivast ut på godkjenningsfritak. Medikamentet er brukt i behandling av ADHD, og i mindre grad også av narkolepsi. Vanlege dosar ved ADHD hjå born er opp til 20-40 mg, og hjå vaksne 60 mg, og dei same dosane er aktuelle ved narkolepsi. Ei kjelde nemner at deksamfetamin har blitt brukt med dosering opp til 70 mg ved narkolepsi. Imidlertid er dosering av medikamentet individuell for kvar pasient, og nokon kan ha behov for høgare dosar. Dersom farmasøyten er uroa for om pasienten har farlege biverknader eller at det føreligg misbruk bør ho kontakta forskrivande lege.
- Norsk legemiddelhåndbok for helsepersonell. Deksamfetamin. http://www.legemiddelhandboka.no/ (26. juli 2012)
- Statens legemiddelverk. Preparater i fokus 2001. Amfetamin. http://www.legemiddelverket.no/templates/InterPage____16033.aspx
- Sosial- og helsedirektoratet. Veileder i diagnostikk og behandling av AD/HD, 2005. (Sist endra: 15. oktober 2007)
- National Institute for Health and Clinical Excellence ( NICE) clinical guideline 2008. Attention deficit hyperactivity disorder. Diagnosis and management of ADHD in children, young people and adults. http://www.nice.org.uk/nicemedia/pdf/CG72NiceGuidelinev3.pdf
- Sweetman SC, editor. Martindale: The complete drug reference. Dexamfetamine sulphate. http://www.medicinescomplete.com/mc/martindale/current/ (1. august 2012).
- Scammell TE. Treatment of narcolepsy. In: UpToDate. http://www.uptodate.com/ (Sist oppdatert: 14. mai 2012).
- Klasco RK, editor. Narcolepsy and cataplexy – drug therapy. (Drug Consult). Micromedex. http://www.thomsonhc.com/ (Sist endra: 19. juli 2007).
