Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Anemi som biverknad av kvetiapin, mirtazapin og venlafaksin



Fråga: Lege ved sjukeheim har ein pasient som i fem år har brukt kvetiapin (Seroquel), mirtazapin (Remeron) og venlafaksin (Efexor). Pasienten har dei siste åra hatt transfusjonstrengjande anemi. Spørsmålet er om dei tre psykofarmaka i lag eller kvar for seg kan vera årsak til anemien i form av hemolyse eller margdepresjon?

Svar: Det er rapportert om biverknader frå blod og lymfatiske organ for både kvetiapin (Seroquel), mirtazapin (Remeron) og venlafaksin (Efexor) (1-2). For kvetiapin er reduserte hemoglobinnivå og anemi oppført som kjende biverknader, i tillegg er det også rapportert om hypokrom anemi og hemolyse (1-3). Anemi er ikkje nemnd som kjend biverknad av mirtazapin eller venlafaksin i dei norske preparatomtalane, men andre kjelder skriv at anemi i enkelte tilfelle er sett ved bruk av desse legemidla også (2).

Søk i biverknadslitteratur og medisinske databasar har ikkje gitt nærare informasjon om anemi som biverknad av dei aktuelle psykofarmaka. To oversiktsartiklar som generelt omtalar hematologisk toksisitet av antipsykotika skriv at det finst få kasuistikkar i litteraturen som beskriv hematologiske effektar av andre antipsykotika enn klozapin, og ein kjenner ikkje til dei underliggande mekanismane (4-5).

Eit oppslagsverk for biverknader ved bruk av psykiatriske legemiddel nemner at antipsykotika høyrer til dei legemidla som i sjeldne tilfelle kan gje ein hematologisk reaksjon, mellom anna anemi. Det er antatt at hematologiske biverknader assosiert med antipsykotika skuldast ein allergisk reaksjon eller hypersensitivitetsreaksjon sidan dei ikkje ser ut til å vere doserelaterte (6).

Oppsummering
Det kan ikkje utelukkast at bruk av kvetiapin, mirtazapin og venlafaksin brukt i lag eller kvar for seg, kan ha forårsaka anemi hos den aktuelle pasienten. Anemi og redusert hemoglobin synast i størst grad å vere rapportert for kvetiapin, men er også meldt for mirtazapin og venlafaksin. Utover førekomst er det funne lite informasjon om anemi som biverknad av dei aktuelle legemidla.

Referenser:
  1. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) a) Seroquel (Sist endra: 23. april 2012), b) Remeron (Sist endra: 27. juni 2012), Efexor Depot (Sist endra: 6. juli 2012). http://www.legemiddelverket.no/legemiddelsok
  2. Clinical Pharmacology 2012 database. a) Quetiapine, b) Mirtazapine, c) Venlafaxine Gold Standard Elsevier. http://www.clinicalpharmacology.com/ (28. september 2012).
  3. Flanagan RJ, Dunk L. Haematological toxicity of drugs used in psychiatry. Hum Psychopharmacol Clin Exp 2008; 23: 27-41.
  4. Nooijen PMM, Carvalho F et al. Haematological toxicity of clozapin and some other drugs used in psychiatry. Hum Psychopharmacol Clin Exp 2011; 26: 112-9.
  5. RELIS database 2011; spm.nr. 4083, RELIS Midt-Norge. (www.relis.no/database)
  6. U.S. Food and Drug Administration (FDA). Label information Seroquel. http://www.accessdata.fda.gov/scripts/cder/drugsatfda/ (Godkjent: 7. august 2011).