Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Lokalbehandling med terbinafin under graviditet



Fråga: Korleis er det med lokalbehandling med terbinafin (Lamisil) i graviditet? Har ei gravid kvinne i veke 14 som brukar lamisil topikalt på kløande lesjonar i huden. Det er snakk om små hudområder. Det er truleg sopp, og pasienten er no henvist til hudlege. Er behandlinga trygg? Finst det andre og betre alternativ?

Svar: Den godkjende norske preparatomtalen (SPC) for terbinafin tilrår at topikal bruk av terbinafin bør unngås under graviditet grunna manglande dokumentasjon (1). Ved topikal bruk blir terbinafin i berre liten grad absorbert, totalt omkring 5% av dosen (1). Ein anerkjend database med informasjon om bruk av legemidler hos gravide angjer at lokalt terbinafin trygt kan brukast av gravide (2), men tilrår forsiktigheit ved systemisk bruk (3). Eit anna oppslagsverk skil ikkje mellom lokal og systemisk bruk, og tilrår om mogleg å unngå bruk, sjølv om det heller ikkje ved systemisk bruk er vist nokon risiko for fosteret (4). Eit noko eldre oppslagsverk skriv at lokalbehandling med terbinafin bør unngås under graviditeten, og at nystatin, klotrimazol og mikonazol er tryggare val (5).

Gravide bør helst nytte lokalbehandling, og alternative legemiddelval vil avhenge av type infeksjon. Generelt kan preparat med innhald av klotrimazol eller mikonazol være gode val (6). Disse kan og nyttast ved graviditet (5).

KONKLUSJON
Det er motstridande anbefalingar i litteraturen kring bruk av terbinafin lokalt. Ein auka risiko for fosteret er ikkje vist ved systemisk bruk, og ut frå den låge absorbsjonen ved topikal bruk er det lite truleg at fosteret kan påverkast ved lokalbehandling.

Referenser:
  1. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Lamisil. http://www.legemiddelverket.no/legemiddelsok (Sist endret: 27. juni 2012).
  2. Källén K, Winbladh B. Läkemedel och fosterpåverkan. Terbinafin - lokalt. http://www.janusinfo.se/Beslutsstod/Lakemedel-och-fosterpaverkan/ (Sist endret: 4. oktober 2011).
  3. Källén K, Winbladh B. Läkemedel och fosterpåverkan. Terbinafin - systemiskt. http://www.janusinfo.se/Beslutsstod/Lakemedel-och-fosterpaverkan/ (Sist endret: 4. oktober 2011).
  4. Briggs GG, Freeman RK et al, editors. Drugs in pregnancy and lactation. A reference guide to fetal and neonatal risk 2011; 9th ed.: 1403.
  5. Schaefer C, Peters P et al., editors. Drugs during pregnancy and lactation 2007; 2nd ed.: 138.
  6. Norsk elektronisk legehåndbok. Soppinfeksjoner. http://www.legehandboka.no/ (28. november 2011).