Dei mottekne meldingane gjeld plagsame mareritt, i nokre tilfelle også med enurese, som mistenkt biverknad av mianserin (Tolvon). I tillegg til dei innrapporterte meldingane er RELIS også blitt gjort merksame på fleire liknande tilfelle ved bruk av mianserin. Biverknadane har kome ved doser på 30 mg mianserin dagleg og i dei aktuelle tilfella er det ein god tidsmessig samanheng mellom oppstart og seponering av mianserin og førekomst av mareritt.
Mareritt er ikkje omtala som ein kjend biverknad av mianserin i norsk preparatomtale, andre legemiddelmonografiar eller oppslagsverk for biverknader. Søk i litteraturdatabasar gjev ingen treff på observasjonar av mareritt ved bruk av mianserin. Mareritt er imidlertid rapportert som ein biverknad av mianserin i Noreg, og i WHO sin internasjonale biverknadsdatabase finst det frå 1978 og fram til i dag i overkant av 100 meldingar om mareritt i samband med bruk av mianserin (1-2). Tala frå biverknadsdatabasen er basert på spontanrapportering og seier ikkje noko om frekvensen av biverknaden eller om det føreligg ein samanheng mellom bruk av mianserin og utviklinga av mareritt.
Litteraturen er altså sparsam når det gjeld mareritt ved bruk av mianserin, og årsakssamanhengen er ikkje etablert. Slike meldingar er likevel viktige for eit spontanrapporteringssystem, då fleire meldingar vil styrke kvaliteten på dette og i tillegg utgjere eit viktig verktøy for å oppdage nye og lite dokumenterte biverknader.
Skjema for melding av biverknader finn du her