RELIS Vest har sett spørsmålsrekord og har sidan oppstarten i 1995 motteke og utgreia over 5000 spørsmål rundt legemiddel og legemiddelbruk.
RELIS Vest runda i juni milestolpen på 5000 mottekne spørsmål. Dette vart markert med ein premie til den heldige spørsmålsstillaren, ein lege ved Haukeland Universitetssjukehus.
RELIS var i utgangspunktet eit prøveprosjekt starta av Statens helsetilsyn i mars 1995 i dåverande helseregion 2 og 3. RELIS Vest vart permanent etablert i årsskiftet 1996/97 og var først knytt til Sjukehusapoteket ved Haukeland. Sidan 1999 har RELIS Vest vore lokalisert ved Haukeland Universitetssjukehus, i nært samarbeid med avdeling for klinisk farmakologi.
Noverande leiar ved RELIS Vest og seksjonsoverlege ved klinisk farmakologi, Jan Schjøtt har vore med sidan oppstarten i 1995 og har sett eit senter i stadig vekst. Frå å vere to tilsette i 1995, tel RELIS Vest og avdeling for klinisk farmakologi i dag over åtte personar som dagleg jobbar med legemiddelrelaterte spørsmål. Det første året RELIS Vest var i drift mottok senteret rundt 200 spørsmål. Dei siste åra er dette talet nesten tredobla og i underkant av 600 spørsmål vart i fjor stilt til RELIS Vest. Spørsmåla har ikkje berre vorte fleire, ein ser også meir av dei komplekse og samansette problemstillingane. Fleire spørsmål ein tidlegare omhandlar biverknader av legemiddel og spørsmål om legemiddelbruk knytt til graviditet og amming. Frå å vere mykje brukt av farmasøytar i byrjinga er ein stadig større del av RELIS-brukarane legar, og då spesielt allmennlegar.
RELIS Vest er fornøgde med spørsmålsrekorden og med framgangen i talet på årlege spørsmål, men ynskjer framover å få endå fleire brukarar i helseregion Vest!