Frågedatum: 2020-03-27
RELIS database 2020; id.nr. 14027, RELIS Vest
[email protected]
www.svelic.se

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Valsartan og Covid-19



Fråga: Ein pasient som bruker valsartan mot hypertensjon har kontakta legen sin grunna bekymring for om valsartan gjev auka risiko for alvorleg forløp ved Covid-19-smitte. Legen ønskjer rask tilbakemelding på kva ein skal tenkje om denne problemstillinga og kva legen kan råde pasienten til? Spørsmål frå allmennlege.

Svar: RELIS har tidlegare svara på tilsvarande spørsmål med tanke på hypotesen om at ARB og ACE-hemmarar aukar alvorsgraden av Covid-19-infeksjon (1, 2). Konklusjonen frå desse utgreiingane, om at det ikkje er grunnlag for å endre blodtrykksbehandling grunna Covid-19, verken ved fare for smitte eller pågåande infeksjon, er fortsatt gjeldande (1, 2). Denne konklusjonen samsvarer òg med tilrådingane til legar og pasientar frå Legemiddelverket, som vart publisert 25. mars 2020 (3).

I dei tidlegare RELIS-utgreiingane og i informasjonen frå Legemiddelverket, visast det til at ei rekke fagmiljø, deriblant kardiologar, er eintydige i sine vurderingar på at det på noverande tidspunkt ikkje er sikre haldepunkt for at ARB eller ACE-hemmarar bidrar til forverring av Covid-19-infeksjon (1-3). For utdjupande informasjon om bakgrunnen for hypotesen, samt lenke til tilrådingane frå European Society of Cardiology, viser vi til det som oppsummerast i dei tidlegare RELIS-utgreiingane og på Legemiddelverket sine nettsider (1-3).

Evidensen for risikofaktorar ved Covid-19-infeksjon oppdaterast stadig, og det planleggast blant anna å studere effekten av losaratan ved Covid-19. Legemiddelverket følgjer situasjonen tett og vil oppdatere sine nettsider, dersom tilrådingane endrar seg. For oppdatert informasjon om legemiddelbehandling og risikogrupper ved Covid-19 tilrår vi å følgje med på temasidene til Legemiddelverket og Folkehelseinstituttet.

Referenser:
  1. RELIS database 2020; spm.nr. 6086, RELIS Nord-Norge. (www.relis.no)
  2. RELIS database 2020; spm.nr. 6074, RELIS Nord-Norge. (www.relis.no)
  3. Statens legemiddelverk. Har Covid-19 betydning for bruk av legemidler? https://legemiddelverket.no/ (Publisert: 25. mars 2020).