Frågedatum: 2020-04-01
RELIS database 2020; id.nr. 14044, RELIS Vest
[email protected]
www.svelic.se

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Infliksimab og Covid-19



Fråga: Ein pasient i 30-åra med Bektherevs sjukdom får behandling med infliksimab (Inflectra) kvar 8. veke. Tilrådingar for influensavaksinasjon og pneumokokkvaksinasjon er følgt. Kva veit ein om infliksimab og risiko for alvorleg forløp av Covid-19? Bør ein tilrå pasienten å pause behandlinga? Spørsmål frå allmennlege.

Svar: Kunnskapen om risikogrupper og kva som bidrar til eit meir alvorleg forløp av Covid-19-infeksjon er forløpig avgrensa (1). Forskarar ved Folkehelseinstituttet har nyleg publisert ei hurtigoversikt over samanhengen mellom alder, komorbiditet og sjukdomsalvorlegheit. I denne oppsummerer dei funn frå eit raskt søk etter forskingslitteratur i PubMed og Embase, samt på nettsidene til helsemyndigheiter i utvalde land (1).

Dei studiane som føreligg omfattar relativt få pasientar, noko som gjer det vanskeleg å avdekke ein klar samanheng mellom komorbiditet og kor alvorleg sjukdomsforløpet blir. Kva gjeld immunsupprimerte pasientar, er dei ifølgje Folkehelseinstituttet sin rapport berre spesifikt omtala i ein rapport om 196 intensivpasientar i England, Wales og Nord-Irland, der dei utgjorde 3,7 % av pasientgrunnlaget (n=7) (1).

Folkehelseinstituttet har på bakgrunn av det som framkjem i hurtigoversikta, ikkje endra ordlyden i tilrådingane sine for pasientar som bruker immunsupprimerande behandling, sidan RELIS svara på ei liknande problemstilling 16. mars 2020 (2, 3). Dei oppgjev at sjølv om det er mogleg at personar som har nedsett immunforsvar (òg som følgje av medikamentell behandling) har auka risiko for alvorleg forløp av Covid-19, er det per no ikkje grunnlag for å frårå oppstart eller stoppe pågåande immunsupprimerande behandling. Dersom personar som bruker immunsupprimerande behandling blir sjuke, tilrådast dei å kontakte eigen lege for råd i høve til medisinering, prøvetaking og undersøking (2).

Ved litteratursøk finn vi lite nytt publisert dei seinaste dagane kva gjeld pasientar som får immunsupprimerande behandling og Covid-19. Det er tilkome artiklar frå fagmiljø som behandlar ulike betennelsestilstandar med immunsupprimerande, deriblant revmatiske sjukdomar, der ordlyden er tilsvarande råda frå Folkehelseinstituttet (4-6).

Det understrekast av forfattarane i artikkelen om revmatisk sjukdom at dårleg kontrollert revmatisk sjukdom inneber ein større risiko for infeksjon for pasientane enn immunsupprimerande behandling. Det å stoppe godt tolerert og effektiv immunsupprimerande behandling kan med andre ord ha negativ innverknad på pasientens helsetilstand, og dermed bidra til å gjere pasienten meir sårbar (4). Tilsvarande argumentasjon framkjem i artiklane som omhandlar inflammatorisk tarmsjukdom og atopisk dermatitt (5, 6).

Artikkelforfattarane viser òg til at behandling med ulike immunmodulerande legemiddel, deriblant TNF-α-hemmarar, undersøkast om kan ha ei rolle i behandlinga av Covid-19 og påfølgjande organskade. Blant anna er det nyleg registrert ein studie på bruk av adalimumab, ein anna TNF-α-hemmar, mot Covid-19 i den kinesiske databasen for kliniske studiar (ChiCTR2000030089) (4).

Då Covid-19-pandemien er ein pågåande situasjon, kan informasjonen og tilrådingane endrast etterkvart som det tilkjem ny dokumentasjon. Vi tilrår derfor å følgje med på Folkehelseinstituttet sine temasider om Covid-19 for dei nyaste tilrådingane. Elles viser vi til dei generelle råda frå myndigheitene for å redusere risikoen for smitte og informasjonen om nyoppståtte infeksjonar under behandling i preparatomtalen til infliksimab (7).

KONKLUSJON
Informasjon om samanhengen mellom alvorsgrad av Covid-19-infeksjon og ulike underliggjande sjukdomar og legemiddelbruk er fortsatt avgrensa. På noverande tidspunkt (1. april 2020), er det ikkje grunnlag for å tilrå pause i behandlinga for pasientar som står på pågåande immunsupprimerande behandling.

Referenser:
  1. Folkehelseinstituttet. Covid-19: Sammenheng mellom alder, komorbiditet og sykdomsalvorlighet – en hurtigoversikt. https://www.fhi.no/publ/2020/covid-19-sammenheng-mellom-alder-komorbiditet-og-sykdomsalvorlighet/ (Publisert: 26. mars 2020).
  2. Folkehelseinstituttet. Koronavirus – fakta, råd og tiltak: Råd og informasjon til risikogrupper. https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/risikogrupper/ (Sist oppdatert: 1. april 2020).
  3. RELIS database 2020; spm.nr. 13999, RELIS Vest. (www.relis.no)
  4. Favalli EG, Ingegnoli F, De Lucia O, Cincinelli G, Cimaz R, Caporali R. COVID-19 infection and rheumatoid arthritis: Faraway, so close! [published online ahead of print, 2020 Mar 20]. Autoimmun Rev 2020; 102523.
  5. Monteleone G, Ardizzone S. Are patients with inflammatory bowel disease at increased risk for Covid-19 infection? [published online ahead of print, 2020 Mar 26]. J Crohns Colitis 2020; jjaa061.
  6. Wollenberg A, Flohr C et al. European Task Force on Atopic Dermatitis (ETFAD) statement on severe acute respiratory syndrome coronavirus 2 (SARS-Cov-2)-infection and atopic dermatitis [published online ahead of print, 2020 Mar 29]. J Eur Acad Dermatol Venereol 2020;10.1111/jdv.16411.
  7. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Inflectra. https://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 9. januar 2020).