Skip to content
Sökverktyg för öppet publicerade utredningar
  • Hem
  • Om SVELIC
  • Om LIC
  • Om RELIS
  • Söktips
    • Mer söktips
  • Fråga till LIC
  • Kontakt

Doktorgrad ved RELIS Vest for Lillan Mo Andreassen

  • Publicerad: 30.09.2019
Lillan Mo Andreassen, master i farmasi og rådgivar ved RELIS Vest, disputerte 20. september 2019 for ph.d-graden ved Universitetet i Bergen med si avhandling om diabetes i sjukeheimar.

Tittelen på avhandlinga er “Diabetes in care homes. Special emphasis on medicines and blood glucose measurements”. Lillan heldt også prøveførelesing over oppgitt emne: How can there be medicine shortage in ’the richest country in the world’?

Lillan sitt arbeid syner at sjukeheimsbebuarar med diabetes er utsett for overbehandling med medisinar generelt og diabetesmedisinar spesielt. Trass i at ein av seks sjukeheimsbebuarar har diabetes, manglar ofte retningslinjer og opplæring til å trygge helsepersonellet i oppfølginga av desse pasientane. Konsekvensane kan då bli ein auka risiko for feilmedisinering, biverknader, dårlegare livskvalitet og for tidleg død.

Les meir om Lillan si forsking på UiB sine sider

Arbeidet er utført ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin, UiB, og i samarbeid med School of Pharmacy, University of East Anglia. Hovudrettleiar har vore Reidun L. S. Kjome, medrettleiarar har vore Una Ø. Sølvik, Gunn B. B. Kristensen og Sverre Sandberg.

Vi gratulerer Lillan, rettleiarar og forskingsmiljø med vel gjennomført doktorgradsarbeid og disputas!

Forfattere


Tina Bakkebø
Cand. pharm.
Jan Schjøtt
Leder, overlege, dr.med.

  • 2019, Artikler, Behandling, Bivirkninger, Eldre
  • ELINOR

    Region Västerbotten logo
  • LUPP

    Västra Götalandsregionen logo
  • ULIC

    Region Uppsala logo
  • LILI

    Region Östergötland logo
  • CLINT

    Region Örebro logo
  • LÄIF

    Region Skåne logo
  • KAROLIC

    Region Stockholm logo