Spørsmål til RELIS
Allmennlege kjenner til at bruk av p-sprøyte (Depo-Provera) over tid kan gje auka risiko for lav beinmasse, men lurer på kor lenge ein kan bruke p-sprøyta før beinmassen byrjar å bli redusert? Han spør også om det er tilsvarande risiko ved bruk av minipiller med desogestrel (Cerazette).
Svar
Desogestrel høgdoserte minipiller (som t.d. Cerazette) gjev ovulasjonshemming i større grad enn tradisjonelle minipiller. Bruk av desogestrel kan gje reduserte østradiolnivå i serum, men det er foreløpig ikkje klart om dette har klinisk relevans i forhold til reduksjon av beinmineraltettleik (BMD). Ei utgreiing frå Cochrane skriv at det foreløpig ikkje er mange eller store nok studiar til å kunne konkludere om gestagenpreparat til peroral bruk, implantat eller intrauterine innlegg har negativ effekt på BMD. WHO seier imidlertid at det ikkje bør vere restriksjonar for bruk av andre gestagenpreparat enn p-sprøyte som medroksyprogesteronacetat depotinjeksjon (DMPA) med omsyn til risiko for redusert BMD (1).
Når det gjeld kva tid redusert BMD kjem til syne refererer preparatomtalen til Depo-Provera til ei studie med vaksne kvinner som vart behandla med DMPA i inntil 5 år. Reduksjonen av BMD hos desse kvinnene var mest uttalt dei 2 første åra av behandlinga, med mindre reduksjon i dei påfølgjande åra. Lengre behandlingsvarigheit var forbunde med ein langsamare gjenvinning av BMD, og preparatomtalen skriv at bruk av preparatet ut over 2 år bør vurderast nøye. Dette gjeld kvinner i alle aldrar (2). Dei britiske legemiddelmyndigheitene tilrår på si side byte til eit anna antikonsepsjonsmiddel etter bruk av DMPA i 2 år (3). I ei studie støtta av produsenten av Depo-Provera var reduksjonen i BMD størst det første året av behandlinga. I denne studia følgde ein 228 kvinner som brukte DMPA i inntil 5 år og samanlikna resultata med BMD hos 310 kvinner som ikkje brukte hormonelle antikonseptiva (4). Andre studiar rapporterer også om DMPA-relatert beintap som størst dei første 2 åra (5). I ei studie viste reduksjonen i BMD signifikant korrelasjon med alder og varigheit av DMPA-bruk, og artikkelforfattarane føreslår at kvinner over 40 år som brukar DMPA i lengre periodar (> 2 år), bør følgjast opp med måling av BMD og/eller beinremodellering kvar 6. månad (6). Den norske preparatomtalen skriv ikkje noko om behov for måling av BMD under behandling med DMPA (2).
Generelt gjeld det for DMPA at beintapet aukar med aukande behandlingsvarigheit, men dette kan synast å vere delvis reversibelt etter seponering (1-2). Spesielle populasjonar, som unge kvinner som ikkje enno er ferdig med beindanninga samt perimenopausale kvinner, kan også synast å vere spesielt utsett, også for moglege langtidsbiverknader (7). Bruk av andre prevensjonsmiddel enn DMPA bør også vurderast for kvinner med betydelige livsstils- og/eller medisinske risikofaktorar for osteoporose (2).
Konklusjon
Bruk av minipiller med desogestrel reduserer østradiolnivå i serum, men foreløpig er ikkje data tilstrekkelige til å kunne seie om dette aukar risikoen for redusert BMD. P-sprøyte er forbunde med eit signifikant tap av BMD som synast å vere mest markant dei første 2 åra. Beintapet aukar imidlertid med aukande behandlingslengde, og bruk utover 2 år er av fleire kjelder ikkje tilrådd.