RELIS etablerte Trygg Mammamedisin i 2011 – ei nettbasert legemiddelinformasjonsteneste retta mot gravide og ammande kvinner. Etter 5 år utvida vi tilbodet med ei telefonteneste. Sidan starten i 2011 har det vore ei kontinuerlig auke i spørsmål, og ved utangen av 2018 hadde Trygg Mammamedisin svara på nærare 24 000 spørsmål.
Kamilla har i masteroppgåva systematisert spørsmål og svar frå dei siste åra i nettenesta og undersøkt mellom anna kva kvinnene spør om, på kva tidspunkt i svangerskapet eller ammeperioden dei spør og bakgrunnen for spørsmålet. Ho har også undersøkt kva Trygg Mammamedisin svarar på spørsmåla og korleis vi formidlar kunnskapen om risiko ved legemiddelbruk under svangerskap og amming. Resultata frå denne masteroppgåva vil kunne brukast til å forbetre tenesta både for brukarane og RELIS.
Arbeidet starta hausten 2018 og Kamilla forsvara oppgåva i juni 2019. Ho er no ferdig master i farmasi frå Universitetet i Bergen og vi gratulerer!
Forfattere