Skip to content
Sökverktyg för öppet publicerade utredningar
  • Hem
  • Om SVELIC
  • Om LIC
  • Om RELIS
  • Söktips
    • Mer söktips
  • Fråga till LIC
  • Kontakt

Sjukepleiarar som biverknadskontaktar – ny publikasjon

  • Publicerad: 27.02.2023
Källa: Schjøtt J, Pettersen TR et al. Nurses as adverse drug reaction reporting advocates. Eur J Cardiovasc Nurs 2022: zvac113.
Eit samarbeid mellom RELIS og ei sjukehusavdeling i å trygge sjukepleiarar på deira viktige rolle i legemiddelovervaking utdjupast i ein ny artikkel i European Journal of Cardiovascular Nursing.

I 2020 innleia RELIS Vest eit samarbeid med Hjerteavdelingen ved Haukeland universitetssjukehus om å tilby eit opplæringsprogram om legemiddeltryggleik og biverknadsrapportering til sjukepleiarar.

Sjukepleiarar er ei helsepersonellgruppe som er tett på pasientane og som ofte har ansvar for å administrere legemiddel. Dei er dermed i ein nøkkelposisjon til å plukke opp endringar i klinisk tilstand som kan skuldast legemiddelbruk – særskilt hos sårbare pasientar.

Biverknadsmeldingar frå helsepersonell er den viktigaste kjelda til å auke kunnskapen om nytte-risiko-balansen til legemiddel, men dessverre er det ei stor grad av underrapportering, også kva gjeld nye, ukjente og alvorlege biverknader. Frå 1. januar 2020 vart meldeplikta for legemiddelbiverknader utvida til å gjelde alt helsepersonell.

I tillegg til opplæring i bruk av sjølve meldeskjemaet på melde.no, var målet med opplæringsprogrammet å gje sjukepleiarane

  • Tryggleik i å snakke om biverknader med pasientar og kollegaer
  • Betre føresetnader for å førebyggje biverknader eller redusere nye tilfelle av biverknader
  • Auka merksemd rundt verdien av å avdekke og rapportere biverknader

Les meir om bakgrunnen for, innhaldet i og dei foreløpige resultata frå programmet i publikasjonen

Nurses as adverse drug reaction reporting advocates.

Forfattere

Jan Schjøtt
Overlege, dr.med.
Trond Røed Pettersen
Spesialsykepleier, PhD
Lillan Mo Andreassen
Master i Farmasi, PhD.
Tormod Karlsen Bjånes
Overlege, spes. klin. farm

  • 2023, Artikler, Bivirkninger
  • ELINOR

    Region Västerbotten logo
  • LUPP

    Västra Götalandsregionen logo
  • ULIC

    Region Uppsala logo
  • LILI

    Region Östergötland logo
  • CLINT

    Region Örebro logo
  • LÄIF

    Region Skåne logo
  • KAROLIC

    Region Stockholm logo