Skip to content
Sökverktyg för öppet publicerade utredningar
  • Hem
  • Om SVELIC
  • Om LIC
  • Om RELIS
  • Söktips
    • Mer söktips
  • Fråga till LIC
  • Kontakt

Ny kartlegging av informasjonsbehov om legemiddel hos norske gravide og ammande kvinner

  • Publicerad: 04.01.2023
Källa: Bakkebø T, Heitmann K, Vågsvoll K, Erdal H, Schjøtt J. Identifying target areas of medicines information efforts to pregnant and breastfeeding women by reviewing questions to SafeMotherMedicine: A Norwegian web-based public medicines information service. BMC Pregnancy Childbirth 2022; 22(1):893. doi: 10.1186
Kva terapiområde gravide og ammande kvinner har behov for legemiddelinformasjon om er nyleg undersøkt i ein gjennomgang av spørsmål til Trygg Mammamedisin.

Trygg Mammamedisin er RELIS si teneste for gravide og ammande kvinner. Tenesta opna i 2011 som eit reint nettbasert tilbod og vart utvida med telefon i 2016. Trygg Mammamedisin svarar på individuelle spørsmål i tillegg til at det på nettsida finst informasjon om legemiddel brukt mot vanlege plager under graviditet og amming. I den aktuelle artikkelen er det gjort ein gjennomgang av spørsmål og svar frå Trygg Mammamedisin si nettbaserte teneste frå 2016 til 2018 for å sjå nærare på kva informasjon kvinnene søker.

 

Vi fann at dei terapiområde det oftast vart spurd om gjaldt både symptomatisk lindring av vanlige plager som smerter, kvalme og tett nase i tillegg til behandling av kroniske lidingar som astma, allergi og psykiatrisk sjukdom. Spørsmåla gjaldt bruk av legemiddel i alle fasar av graviditet og amming og dei fleste kvinner spurde før bruk av legemiddelet.

 

Arbeidet er nyleg publisert internasjonalt og artikkelen er tilgjengeleg her:  https://bmcpregnancychildbirth.biomedcentral.com/articles/10.1186/s12884-022-05252-3

 

Denne artikkelen representerer første del av eit doktorgradsprosjekt som utgår frå RELIS Vest om formidling av informasjon om nytte og risiko knytt til  legemiddelbruk hos gravide og ammande. Prosjektet fekk nyleg tildelt finansiering av Helse Vest, og resultata vil vere av relevans for fleire legemiddelinformasjonskjelder som gravide og ammande brukar.

Forfattere

Tina Bakkebø
Cand. pharm.
Kristine Heitmann
Master i Farmasi, PhD.
Jan Schjøtt
Overlege, dr.med.

  • 2023, Amming, Artikler, Graviditet
  • ELINOR

    Region Västerbotten logo
  • LUPP

    Västra Götalandsregionen logo
  • ULIC

    Region Uppsala logo
  • LILI

    Region Östergötland logo
  • CLINT

    Region Örebro logo
  • LÄIF

    Region Skåne logo
  • KAROLIC

    Region Stockholm logo